Det er hovudsakleg ein artikkel om uro-onkologi, men andre aspekt i urologien er også dekte. 

Det heile starta hausten 2012 då den Canadiske urologen, Dr. Michael Leveridge, diskuterte ein artikkel via twitter med hans kollegaer. Det vakte stor interesse og deltaking verda over, men begrensninga var at berre dei som følgde han kunne få med seg debatten. 

I oktober 2012 blei difor #urojc starta. Firkant-teiknet (emnetagg som språkrådet vil kalle det) eller «hashtag» gjer det mogleg å søka på Twitter. Søkar ein meldingar som inneheldt #urojc, kan ein fylje debatten utan å fylje alle dei som tek del. Om ein nyttar PC, nettbrett eller mobil, er funksjonaliteten den same. Eg likar mobilen min. 

Brukaren @iurojc (International Urological Journal Club) vart også laga, og fungerer som moderator og knutepunkt for debatten. Dei ville ha @urojc, men det brukarnamnet var allereie teke av ein urolog frå Venezuela. Han vart plutselig verdskjend (riktig nok i ein svært liten krets, men dog). I skrivande stund er det 2148 fyljarar, dei fleste urologar. 

Etter kvart har fleire faggrupper kasta seg på bølga, og meir vert det nok. Det er intressant at verdas geriatere har vore raskare ute enn mange, og gastrokirurgane er ikkje med i det heile så langt. 

Ein av dei regelmessige deltakarane har publisert ein artikkel i British Journal of Urology International (BJUI) om rekkevidden ein får i dette mediet. Kanskje, om nokre år, har individuelle urologar sin eigen impact factor basert på mengda følgarar og «re-tweets». 

Tema i august var noko unikt. Då diskuterte ein dei nyleg publiserte retningslinjene for #nettikette på sosiale medier (#SoMe). Ein har ei todelt rolle som både lege i eit forum men også represantant for yrket. Det er eit offentlig forum som kven som helst kan lese. Konklusjonen var jo at ein er fri til å uttrykke sine synspunkt, men at ein må moderere seg sjølv i tråd med medisinsk-etiske prinsipp.  


Formatet for twitter er at ein beskjed ikkje kan vera meir enn 140 teikn, så ein må vera kortfatta. Dette tvingar fram klare argument det ikkje går an å misforstå (i motsetjing til eit kirurgisk morgonmøte). Den som kjem med det beste utspelet får ein liten premie i posten, men anerkjenninga i debatten og ikkje minst heimesidene til BJUI er nok det viktigaste. At det er verdsomspennande gir eit unikt perspektiv og mange vinklingar på problemstillinga ein diskuterer. 

Det er ikkje alltid lett å «vinne» diskusjonen når folk som Alan Partin legg seg oppi. Kva veit han? Når det er sagt, merkar eg at mykje av diskusjonane, argumenta og usemje kring faget vårt på verdsveven, er akkurat dei same som går i gangane på mitt forvakse lokalsjukehus på vestlandet. Det gjer at den store verda der ute ikkje virkar så stor likevel, og vegen til topps ikkje er så lang heller. #intressant er det uansett.

ANNONSER

Synergy – Near-Infrared Fluorescence Imaging
Medtronic