Del, , Google Plus, Pinterest,

Print

Posted in:

Nytt kurs i akutthandtering av alvorlege brannskadar

Emergency Management of Severe Burns (EMSB) er eit intensivt eindagskurs i handtering av alvorlege brannskadar. Kurset vart lansert av den australske og new-zealandske brannskadeforeninga ANZBA i 1996, og har etter kvart breidd seg til meir enn 50 land. 13 mars i år arrangerte Nasjonal eining for avansert brannskadebehandling, i samarbeid med EMSB Nordic, det fyrste kurset i Noreg.

Historisk kontekst

I 1979 introduserte American College of Surgeons “Advanced Trauma Life Support” programmet (ATLS). ATLS har gjennom tiår vist at kurset utgjer ein betydeleg og signifikant skilnad i kvaliteten på vurdering, akuttbehandling og overføring av pasientar med store traumer (1).

Likevel viser det seg at brannskadar kan tene til neglekt av livstrugande traumer eller store traumer kan føre til dårleg vurdering av samtidige brannskadar (2). På 90-talet innførte difor American College of Surgeons suppleringskurset “Advanced Burns Life Support” (ABLS) basert på ATLS. Dette kurset har etterkvart vorte undervist i mange land, deriblant Sverige. 

Den australske og new-zealandske brannskadeforeninga (ANZBA), underviste også ABLS på 90-talet, men fann ut at ABLS ikkje i tilstrekkeleg grad gav kunnskap om handtering av brannskader i land med lange reiseavstandar og speidd busetnad. ANZBA lanserte difor sitt eige kurs i 1996. Dette kurset heiter “Emergency Management of Severe Burns” (EMSB) (3). I 1997 vart kurset innført i Storbritannia og i 1998 i Nederland. Etterkvart har kurset vorte offisielt brannskadekurs i meir enn 50 land verda over. 

European Burns Association (EBA) har ikkje nådd konsensus om ein standard i akutthandtering av brannskadar og både det amerikanske ABLS og det australske EMSB vert undervist som likeverdige kurs innan Europa. I Storbritannia er EMSB-kurset no del av utdanninga i plastikkirurgi og i Nederland er kurset obligatorisk for fleire kirurgiske spesialitetar og anestesiologi.  

Breederveld og medarbeidarar synte signifikante og vesentlege skilnader i kunnskapar om akutthandtering av brannskadar mellom nederlandsk helsepersonell som hadde gjennomført EMSB og dei som ikkje hadde gjennomført kurset (4). Erfaringane frå Storbritannia er også udelt positve (5).

Oversikt over strukturen i kurset og kva ein håpar deltakarane skal sitte igjen med. 

Kva er EMSB? 

Kurset tek sikte på å undervise i korleis ein erkjenner, vurderer, stabiliserer og overflyttar ein alvorleg brannskadd pasient. Relevante kliniske ferdigheiter vert demonstrert og viktige emne vert forelest og i tillegg diskutert og grundig forklart gjennom mindre diskusjonsgrupper og treningsstasjonar i løpet av kursdagen. Naturtru simuleringssituasjonar med sminka markørar vert nytta mot slutten av kursdagen for å strukturere, integrere og praktisk øve på dei nytileigna kunnskapane. 

Kurset rettar seg mot helsepersonell, primært legar og sjukepleiarar, som kan hamne i situasjonar der dei er ansvarlege for å handtere pasientar med alvorlege brannskader. Kurset byggjer på kjende og aksepterte system og kunnskapar for traumehandtering (ATLS) og repeterer denne modellen med eit supplement av spesifikke aspekt assosiert med brannskadar. 

Kurset er strukturert og intensivt og har eit fast oppsett program med kursstart kl 0730 og kursslutt kl 1800. Dagen er firedelt med korte oppsummeringsforelesingar på morgonen, ferdigheitstrening i grupper før lunsj, diskusjonsgrupper tidleg på ettermiddagen og pasientsimuleringssituasjonar seinare på ettermiddagen. 

Heilt til sist på dagen må alle kandidatane gjennom ein skriftleg multiple choice-eksamen og ein munnleg, praktisk test med pasientsimulering. Både skriftleg og munnleg del må vere bestått for å få bestått kurs. På grunn av den fastlagte strukturen i kurset er det berre mogleg å få gjennom 24 deltakarar på kvart kurs. Det sikrar god tilrettelegging og opplæring av kvar einskild kursdeltakar. 

Kurset vert avslutta med praktisk eksamen på sminka modellar.

 

Praktisk trening og instruksjon.

Gjennomgang av overflyttningskriteriar.

 

Klargjerning av modellar.

 

EMSB Nordic

ANZBA eig kursmodellen og namnet “EMSB”. EMSB er “non-profit”. Vi betalar ingenting for å halde kurs eller for å bruke namnet “EMSB”, men ANZBA eig retten til å gje ut og inndra lisensar til å halde kurs. Dei må også godkjenne evt. endringar i kursheftet og kursoppsettet. 

Målet er at uansett kvar ein reiser i verda skal eit EMSB-kurs gje dei same kunnskapane og strukturen skal vere lik. Det er likevel rom for regionale justeringar i til dømes. kva typer skader ein vektlegg i undervisinga. Den nordiske gruppa som vi er medlem av, har lisens til å arrangere kurs i dei nordiske landa. Nordisk direktør er Jyrki Vuola som er plastikkirurg og leiar ved Helsinki Burn Center. 

For å arrangere kurs må alle instruktørar vere ANZBA-sertifiserte. For å verte instruktør må ein først ha gjennomført eit standard EMSB-kurs med godt resultat. Ein må deretter gjennomføre eit instruktørkurs. Instruktørkursa vert haldne årleg i England og Nederland, og nokre gonger i andre land dersom behovet er stort nok. Forfattarane gjennomførte instruktørkurs i Helsinki, saman med resten av den nordiske instruktørgruppa, i mars 2013. Det har sidan den gongen vorte gjennomført 6 kurs i Helsinki og eitt kurs i Bergen.

Fyrste kurs i Bergen

Fredag 13. mars 2015 gjekk det fyrste norske kurset av stabelen i Bergen. Instruktørar frå Noreg, Finland, Nederland, England og Australia var på plass og 24 håpefulle kandidatar stilte til kurs i Undervisningssenteret på Haukeland Universitetssjukehus. Kurset var hektisk, men ein stor suksess ut frå evalueringane i etterkant. Alle deltakarar bestod kurset og gode instruktørkandidatar utmerkte seg. 

EMSB i Noreg

Nasjonal eining for avansert brannskadebehandling ved Haukeland universitetssjukehus har som mandat å bidra til opplæring i brannskadebehandling utover eigen helseregion. I takt med generell systematisering og sentralisering av traumebehandling er behovet for eit systematisk kurs i brannskadebehandling absolutt til stades. Trenden går mot sentralisering av også mindre skadar og erfaringsgrunnlaget for akutt brannskadebehandling vert etterkvart mindre for den einskilde traumelege kringom i landet. Når ein skal handtere pasientar med alvorlege brannskadar er det viktig at ein snakkar same ”språk” og har ei felles forståing for klassifisering, vurdering og akuttbehandling. Både når ein skal bidra til rett behandling ved konsultering eller ved vurdering av overflytting er dette svært viktig. Vi trur EMSB vil skape ein slik sams plattform. Vår erfaring frå Nasjonal eining for avansert brannskadebehandling tilseier eit stort behov for opplæring i akutthandtering av brannskadar både i primær- og spesialisthelseteneste.

Vi vonar å etablere kurset som ein naturleg del av opplæringa i anestesiologi og alle kirurgiske spesialitetane, slik ATLS etterkvart har vorte ein naturleg del av kurspakken. For å byggje ein robust organisasjon som kan organisere kurs i Noreg i tida framover, er det viktig for oss å rekruttere norske instruktørar frå ulike helseregionar og spesialitetar. Eigen lisens for drift av kurs i Noreg er på plass og fyrste instruktørkurs vil gå av stabelen 2. mars 2016. Dei nye instruktørane vil 4. mars 2016 få gleda av å arrangere sitt fyrste kurs i Bergen. Vi vonar etterkvart å få til to årlege kurs i Noreg. Som del av kvalitetsarbeidet i regi av ANZBA og EMSB Nordic vil alle kurs i framtida også ha international profil med instruktørar frå både Noreg, Finland og Storbritannia. Likeins vil artikkelforfattarane framleis halde fram som instruktørar ved kurs i Norden for øvrig. 

Kurset har no godkjenning som vidare- og etterutdanning i: plastikkirurgi, generell kirurgi, ortopedi, anestesiologi og allmenmedisin. Kursa vil verte annonsert via Kurskatalogen. Vel møtt til kurs!

Referanser

 

  1. Kortbeek JB, Al Turki SA, Ali J, et al. Advanced trauma life support, 8th edition, the evidence for change. J Trauma 2008; 64: 1638-50. 
  2. Dougherty W, Waxman K. The complexities of managing severe burns with associated trauma. Surg Clin North Am 1996; 76: 923-58. 
  3. Australian, Association NZB, Committee E. Emergency Management of Severe Burns (EMSB): Course Manual: Australian and New Zealand Burn Association; 2006.
  4. Breederveld RS, Nieuwenhuis MK, Tuinebreijer WE, et al. Effect of training in the Emergency Management of Severe Burns on the knowledge and performance of emergency care workers as measured by an online simulated burn incident. Burns 2011; 37: 281-7. 
  5. Stone CA, Pape SA. Evolution of the Emergency Management of Severe Burns (EMSB) course in the UK. Burns 1999; 25: 262-4.