Del, , Google Plus, Pinterest,

Print

Posted in:

Korleis er kvaliteten på norsk fedmekirurgi, og kor god effekt har slik kirurgi på sjukeleg overvekt?

Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi (SOReg-N) skal gje oversikt over bruken og effekten av fedmekirurgi i Noreg, og bidra til å betre kvaliteten på tilbodet.

Sjukeleg overvekt er ein samansett sjukdom som har innverknad på pasientane både fysisk, psykisk, sosialt og økonomisk. Tilstanden gir betydeleg nedsett livskvalitet og redusert forventa levetid, og fører ofte til følgjesjukdom som diabetes type 2, hypertensjon, søvnapné, muskel- og skjelettsmerter samt psykiske plager som angst og depresjon. For mange fører overvekta til sosial isolasjon, og til at dei gir opp skulegang og arbeidsliv i ung alder.

Kirurgisk behandling kan betre livskvaliteten og auke livslengda for denne pasientgruppa. Kvart år vert ca. 3000 pasientar operert i Noreg fordelt på rundt 20 offentlege og private sjukehus. I  tillegg vert eit ukjent tal pasientar operert i utlandet. For å få tilbod om fedmekirurgi i Noreg må pasienten vanlegvis oppfylle Verdas Helseorganisasjon sine kriterium for sjukeleg overvekt:

  • Kroppsmasseindeks (KMI) ≥ 40 utan følgjesjukdom, eller
  • KMI ≥ 35 med følgjesjukdom som type 2 diabetes,  søvnapné eller smerter i vektbærande ledd.   

Internasjonalt er det også teke til orde for å tilby fedmeoperasjon til utvalde pasientar med type 2 diabetes og KMI mellom 30 og 35 (1).

Dei mest vanlege operasjonsmetodane i Noreg i dag er gastrisk sleeve og gastrisk bypass. Inngrepa gir ofte eit stort vekttap og betring eller bortfall av følgjesjukdom som diabetes og hypertensjon. Samstundes kan dei gi komplikasjonar og biverknader både på kort og lang sikt.

Sjølv om det er rimeleg internasjonal semje om kriterium for fedmekirurgisk behandling er både bruk av ressursar og kirurgiske metodar omdiskutert, noko som har ført til variasjon i behandlingstilbodet nasjonalt og internasjonalt. I ein rapport frå 2014 uttalar Kunnskapssenteret at mykje av forskinga om verknaden av fedmekirurgi er usikker, for eksempel når det gjeld total mortalitet og langtidseffekt på høgt blodtrykk (2). Kunnskapssenteret konkluderer med at det trengs meir forsking med gode, valide data og med oppfølging over lang tid for å få sikrare kunnskap om korleis det går med dei fedmeopererte.

Kvalitetsregister for fedmekirurgi

Kirurgi for sjukeleg overvekt vart utført i Noreg allereie på 1970 og -80-talet, men tilbodet vart lagt ned tidleg på 1990-talet grunna alvorlege komplikasjonar og biverknader. Operasjonsmetodar som var brukt i desse åra var jejunoileal bypass, vertikal banding og etter kvart gastrisk bypass. I 2001 vart fedmekirurgien teken opp att i Noreg, og etter ei tid kom det ynskje frå fagmiljøet om eit nasjonalt kvalitetsregister. I Sverige var ein allereie i gang med å bygge opp eit nasjonalt register, difor tok det norske fagmiljøet kontakt med svenske kirurgar med tanke på å etablere eit felles, skandinavisk register, Scandinavian Obesity Surgery Registry (SOReg). SOReg –S, det svenske registeret, starta i 2007, og har til no samla inn data om fleire enn 55000 pasientar. Den norske delen av registeret, Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi (SOReg-N), vart teke i bruk i 2014, og fekk i juni 2015 godkjenning av Datatilsynet som nasjonalt kvalitetsregister. Intensjonen med registeret er å gje kontinuerleg oversikt over bruken av fedmekirurgi  i Noreg, samt komplikasjonar, verknader, biverknader og endring i sjølvopplevd helse etter slike operasjonar.

For at data frå Sverige og Noreg skal kunne samanliknast er variablane like i SOReg-N og SOReg-S. Det er eit ynskje om å få alle skandinaviske land med i SOReg, og det kan verte aktuelt å levere avidentifiserte data til eit internasjonalt register.  I tillegg til at kvart land har eit nasjonalt styre er det oppretta ei felles samrådsgruppe med representantar frå både det svenske og det norske registeret. Samrådsgruppa skal møtast jamleg for å diskutere oppdateringar og utvikling av registeret.

Helse Bergen er juridisk ansvarleg for SOReg-N. Det norske styret har sju medlemmer der dei fire regionale helseføretaka, private aktørar, Norsk foreining for fedmekirurgi og Norsk forening for gastroenterologisk kirurgi er representert. I tillegg har ein brukarrepresentant frå Landsforeningen for overvektige møterett.

Alle sjukehus som leverer data har ein lokal koordinator med ansvar for registreringa på sitt sjukehus. Per desember 2016 er 17 sjukehus kobla opp mot SOReg-N.

Ved dei fleste av desse sjukehusa er ein i gang med registrering, men nokre er fortsatt i startfasen og arbeider med å tilpasse lokale rutinar. Private sjukehus er ikkje pålagde å rapportere til Norsk pasientregister (NPR), difor manglar ein full oversikt over kor mange pasientar som vert operert privat. I SOReg-N arbeider vi for å få med dei private sjukehusa og så langt er to av desse med. I SOReg-S er oppslutninga nær 100 % og vi håpar på like høg prosent deltaking i det norske registeret.

Kvalitetsindikatorar og rapportering

Det vert registrert opplysingar om pasienten si helse før kirurgi, peroperative data med detaljar om operasjonen, 30 dagars morbiditet, samt oppfølgingsdata etter eitt, to og fem år. Viktige kvalitetsindikatorar for behandlinga er sett til å vere:

  • Del pasientar med mindre enn fire liggedøgn etter operasjon.
  • Del pasientar som blir innlagt på sjuke-hus innan 30 dagar postoperativt.
  • Del pasientar som får komplikasjonar dei første 30 dagane postoperativt.
  • Del pasientar som har gått ned meir enn 50 % av overvekta etter operasjon.
  • Kor mange som blir følgt opp postoperativt etter eit år.
  • Kor mange som blir følgt opp postoperativt etter to år. (Så langt er det berre ved to sjukehus ein har byrja å levere to-årsdata).

Det er ynskjeleg at pasienten sjølv skal kunne legge inn opplysningar om eiga helse før og etter operasjon, såkalla pasient-rapporterte data (PROM). Ei felles svensk/norsk arbeidsgruppe er sett ned for å ta stilling til kva pasientrapporterte data som skal vere med i SOReg. Desse vil bli tatt i bruk når ei nasjonal teknisk løysing for direkte registrering via internett er klar. Dette kan bli aktuelt allereie i 2017. Administrasjonen i SOReg- N arbeider med å opprette ein versjon av Rapporteket. Dette er ein rapportfunksjon der brukarane ved dei ulike sjukehusa  skal kunne finne oppdaterte nasjonale resultat for kvalitetsindikatorane, og hente ut meir detaljerte oversikter og statistikk for eige sjukehus.

Datatryggleik og utlevering av data til forsking

SOReg-N er basert på skriftleg samtykke frå pasienten, og registeret har konsesjon frå Datatilsynet til lagring av pasientinformasjon. Opplysingane frå kvart sjukehus blir lagt direkte inn i dataløysinga OpenQreg, som er forvalta av Helse Nord IKT. Her vert informasjonen samla i ein database der kvar behandlingsstad har tilgang til data dei sjølve har lagt inn.

For å kunne hente ut data frå registeret til forsking skal ein plan for studien ha godkjenning av Regional etisk komité (REK) før den kan leggjast fram for styret i SOReg-N. Med støtte frå styret blir informasjonen levert til forskarane som avidentifiserte data. Meir detaljert rettleiing for utlevering av data til forsking er under utarbeiding saman med representantar for det svenske registeret.

Registeradministrasjonen skal jamleg jobbe med kvalitetssikring av dei data som blir rapporterte inn. Data frå SOReg-N blir samanstilt med innrapporterte diagnosekodar i Norsk Pasientregister (NPR) og lokale pasientjournalar. Årsrapportar og resultat frå forskingsprosjekt vil fortløpande bli lagt ut på nettsida til SOReg-N (3).

Den første årsrapporten frå SOReg-N omhandlar 2015 og var klar hausten 2016 (4). Rapporten for 2015 er frå eit register under oppbygging og dekningsgraden er difor framleis låg. Generelt viser tala at fedmekirurgi i Noreg har få komplikasjonar, og det vart ikkje rapportert om dødsfall innan 30 dagar etter operasjon. Dei fleste pasientane har god vektnedgang seks veker og eitt år etter operasjon.

Figur 1. Kroppsmasseindeks (KMI) før operasjon, ved operasjon, etter seks veker og eitt år. Den raude linja viser gjenomsnitts-KMI på kvart tidspunkt.

Figur 1 viser kroppsmasseindeks (KMI) før operasjon, ved operasjon, etter seks veker og eitt år. Den raude linja viser gjenomsnitts-KMI på kvart tidspunkt. Tala er basert på data frå 449 pasientar med måling før operasjon, 447 med måling ved operasjon, 431 etter seks veker og 175 etter eitt år. Eit mykje brukt mål på vekttap etter fedmeoperasjon er % EBMIL (excess BMI loss), som målar kor mykje av overvekta pasienten har gått ned etter operasjonen.  Figur 2 viser fordeling av prosent EBMIL basert på KMI før operasjon og eitt år etter. Tala er basert på data frå 175 pasientar. Eitt år etter operasjon hadde 95% av pasientane ein EBMIL på 50% eller meir.

På sikt vil årsrapportane bli samkøyrde med det svenske registeret slik at vi også får ein felles årsrapport med SOReg-S (5).

Figur 2 . Fordeling av prosent EBMIL (excess BMI loss) basert på KMI før operasjon og eitt år etter.

Referanser

  1. https://www.nice.org.uk/guidance/cg189/chapter/1-recommendations#bariatric-surgery-for-people-with-recent-onset-type-2-diabetes
  2. Giske L, Lauvrak V, Elvsaas I-K Ø, Hofman B, Håvelsrud K, Vang V, Fure B: Langtideffekter etter fedmekirurgi. Rapport fra Kunnskapssenteret nr.1-2014. ISBN 978-82-8121-843-7 ISSN 1890-1298, http://www.kunnskapssenteret.no/publikasjoner/langtidseffekter-etter-fedmekirurgi
  3. Heimeside Norsk kvalitetsregister for fedmekirurgi SOReg-N: http://www.helse-bergen.no/no/OmOss/Avdelinger/voss-sjukehus/soreg/Sider/default.aspx
  4. Årsrapport for SOReg-N 2015:    https://www.kvalitetsregistre.no/sites/default/files/54_arsrapport-soreg-2015.pdf
  5. Heimesida til SOReg-Sverige: http://www.ucr.uu.se/soreg/